Bestod med glans!

Hanne Dirdal tok fagprøven fyrste veka i mai. Ingrid Sofie Rundhaug Hanne Dirdal tok fagprøven i barne- og ungdomsarbeiderfaget fyrste veka i mai.

Av Ingrid Sofie Rundhaug

Bokn skule sin lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget fekk omsider gjennomført fagprøven sin etter ei utsetting grunna koronasmittespreiinga og stengt skule.

At ho bestod den tre dagar lange fagprøven med glans måtte sjølvsagt feirast, men på ein litt anna måte grunna smittevernrestriksjonane me har på skulen. Det vart derfor feira med cupcakes og prat i mindre grupper mellom dei tilsette.

Me har vore svært glade for å ha lærling på skulen, og ynskjer Hanne lykke til vidare som fagarbeidar.