Samla framfor panoramautsikt til Nyholmen: frå venstre kommunalsjef teknisk Michael Gräfe, Liv Bjørge, Berit Berg, Marianne Hauge Øvestad, Hanne Sveberg og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad.
Jardar Havikbotn
Kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad og kommunalsjef teknisk, Michael Gräfe tok imot følget frå KDD i Boknahåve, Bokn Arena 2. etg.
Avdelinga var på studietur og hadde sett av nokre timar, for å få innsikt i arbeidet i kommunen.
Tema
- Tettstadsutvikling i ein liten kommune – utfordringar og prioriteringar
- Næringsutvikling i Bokn – moglegheiter og lokale strategiar
- Interkommunalt samarbeid – korleis me løyser oppgåver saman med nabokommunar
- Rogfast og ny E39 over Bokn
-Veldig nyttig møte der me fekk fortalt om alle dei spennande prosjekta me har i Bokn, og i tillegg drøfta ein del dilemma me står i knytt til ny E39 over Bokn, seier kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad.