Den fine gjengen som blei fødd i 2024 (5 av 7) Sittande fv.: Hedvig Våga, Mia Skeie Johannessen Liggande fv.: Joar Jøsang, Amanda Tjøstheim Trosnavåg og Josefine Øvrebø. Saga Bendiksen Fossberg sov godt i vogna si under treffet (søvn er viktigare enn bildetaking😉). Tellef Voll Kolnes var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Henriette S. Lindanger
Helsesjukepleiar snakka om søvn hos dei minste og informerte kort om foreldrestøttande gruppe som er eit nytt prosjekt i Bokn.
Foreldrestøttande gruppe, som består av helsesjukepleiar Henriette, pedagog Gina i barnehagen, Oddrun frå SFO og rektor Wenche skal ha fokus på eit tettare samarbeid mellom helsestasjon, barnehage og skule, og saman arrangera ulike temakveldar for føresette.
Bli klokare på barnet ditt
2024 kullet har fått utdelt boka: “Bli klokare på barnet ditt”- som blir delt ut på helsestasjonen før barnet fyller 1 år. Boka skal brukast vidare når dei startar i barnehagen og på skulen.
Henriette S. Lindanger