Årets TV-aksjon

Skulebasaren er digital i år. Her frå skulebasaren 2018. Jardar Havikbotn Ingen vil komma på dørene på aksjonsdagen i år, men givarar kan gi bidraga sine digitalt på fleire måtar. Dessutan vil det bli fysisk bøsse på Coop Prix Bokn heile veka.

Årets skulebasar

Den tradisjonelle skulebasaren i samband med TV-aksjonen (TVA) blir også digital. Det er laga eit arrangement (event) på kommunen si facebookside. Der blir det fortløpande lagt ut bilde av basargevinstane.

Folk som vil ta lodd, brukar kommunen sin vipps, nr. 52796. I eventet ligg også QR-koden til dette nummeret, for dei som føretrekker å skanna. Vippsarar kan merka transaksjonen sin med Lodd og namnet sitt. Namnet blir så ført i loddbok på vanleg måte.

Dei som vil bidra med basargevinstar, sender desse med elevar på skulen, eller tar kontakt med Annette på skulekontoret – tlf. 52 75 25 69 - innan torsdag ettermiddag, den 15. oktober.

Trekninga fredag 16. oktober kl. 11:30 vil bli streama på kommunen si facebookside.

Les også

Digital TV-aksjon

Bokn skule hoppar i havet

Skulen har også oppretta ein spleis i samband med TVA. Rektor Wenche, inspektør Frode og trinnleiarane Merete og Bianca hoppar i havet fredag 23. oktober, dersom det kjem inn 10 000 kr. eller meir.

Før dette eventuelt skjer, vil elevane ved 2 500 kr. få ein kjekk klasseaktivitet. Ved 5 000 kr., vil alle elevane få heimelaga bollar, laga av Annette. Og ikkje nok med det. Det blir skulekino med popcorn ved 7 500 kr. Så her er det berre å gi – spleisen er allereie open:

Skulespleisen Bokn skule hoppar i havet