Statsministeren har varsla at årets grunnlovsdag vil bli feira annleis pga. korona-situasjonen. 17. mai-komitéen (formannskapet) hadde digitalt møte i førre veke, der alternativ feiring/markering blei drøfta.
Ordførar og komitéleiar, Osmund Våga seier at nasjonale føringar vil avgjera korleis markeringa vil gå føre seg.
- Som i andre kommunar er me i Bokn usikre på kva me får lov å tilrettelegga for når den tid kjem. Komitéen skal møtast igjen over påske og då håpar me at me veit meir, seier ordføraren.