Frå elevarbeida i samband med skulebasaren 2026.
Jardar Havikbotn
Berre fire gonger tidlegare har det kome inn over 40 000, og personalet på skulen er naturlegvis strålande nøgde med resultatet.
Rektor Wenche Havikbotn batt saman eit tradisjonelt program. Etter at varaordførar Rannveig F. Øvrebø hadde halde ein appell, framførte 1. - 7 . klasse Ballongvisa av Trond Brænne og Geir Holmsen. Leiar for koret var Margrete Dale.
Under lodd- og matsalet kunne frammøtte sjå og lesa frå elevarbeida som var opphengde på vestreveggen. Desse var laga etter årets tema for TV-aksjonen.
Neste år har skulebasaren 25 års jubileum.
Glimt frå dagen: