17. mai-program i rute

Karmøy-ordførar Jarle Nilsen er årets festtalar.

Frå 17. mai 2017 Wenche L. Havikbotn Bokn er sannsynlegvis den einaste kommunen nokon gong med same namn på talarlista på nasjonaldagen to år på rad. I fjor heldt eks-Utsira-ordførar og tidlegare rektor ved Bokn skule, Jarle Nilsen, talen.

Tradisjon

Årets komite er, saman med samarbeidspartnarane sine, godt i gong med å gjera nasjonaldagen like kjekk og minnerik som i fjor, då mellom 400 og 500 personar til slutt samla seg i Bokn Arena (BA). Toget hadde då gått frå Alvestadkroken til BA via kyrkja og Boknatun. Det blir same rute i år, med dei same arrangementa i samband med hendinga; kapproing, frukost, gudsteneste, sjukestove-konsert og program i BA.

Få endringar

Dei som skal vera med på kapproinga, kan melda seg på på SMS til tlf. 90960035 – i tillegg til å melda seg på frå kl. 07:30, på staden. Av ulike grunnar vil kiosken i år bli flytta frå 2. etg. og ned i hallen. Det vil også bli premiering, kr. 1.000, til den gruppa som har det beste innslaget i toget. Dei fire gruppene som er med i konkurransen er barnehagen, småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Kravet er at gruppa er med i toget heile vegen.

Komiteen planlegg også på å presentera nokre overraskingar i BA. Me håpar å kunna presentera det endelege programmet i veke 19.

Vegen klar

Vegvesenet lovar at det er klart for togruta å kryssa "Halvardskrossen" på nasjonaldagen. Bjørn Brekke fortel at det er planlagt å asfaltera frå krossen og opp førstkommande måndag, 16. april, og at folk vil merka store forandringar med Føresvikvegen framover mot 17. mai. Offisiell opning er 29. mai.