1. søndag i advent på Bokn

Søndag 29. nov. er alle boknarar, store og små, inviterte til julegranstenning, fakkeltog og lysmesse. Set av datoen!

Bilde frå julegranstenninga 2021. - Klikk for stort bileteFrå julegranstenninga 2021. Marie Vågshaug

Tenning av julegrana kl. 16.00

Familiespeidar stiller med bålpanne – ta med pølser og marshmallows. Ordføraren held tale og tenner grana. Deretter går me rundt juletreet med forsongarar frå kyrkja. Nissen har også fått med seg at det skjer noko!

Fakkeltog kl. 17.15

Me går i fakkeltog frå kommunehuset til kyrkja – for lys i desember og for dei som manglar varme og lys i vinter. Kyrkja og Røde Kors deler ut faklar. Du kan vippsa eit valfritt beløp til kyrkja, som gir pengane vidare.

Lysmesse i kyrkja kl. 18.00

Speidarane deltek på lysmessa med Gaustad og Seibt. Det blir offer til speidararbeidet i Bokn, og kyrkjekaffi etterpå.

Arr. Bokn KFUK-KFUM Speidarar, FAU og Soknerådet