Søknad om tilskot til kulturarbeid
Bokn kommune gir kvart år økonomisk støtte til kulturarbeidet i kommunen. Målet med ordninga er å fremja eit aktivt og allsidig kulturliv. Organisasjonar som engasjerer barn, unge, eldre og nye landsmenn skal prioriterast.
Det skal leggast vekt på aktivitetsnivå, antal betalande medlemmer, eigeninnsats, kapitalbehov og eventuelle andre ytingar laget får frå Bokn kommune.
Desse kan ikkje motta stønad:
- Lag som driv på forretningsmessig basis
- Organisasjonar som ivaretar yrkesinteressene til medlemmene
- Politiske lag og aksjonar
- Nye lag kan få inntil kr 5 000,- i oppstartingsstønad. Dette gjeld ikkje nye undergrupper innafor eksisterande lag.
- I tillegg til driftstilskot kan det søkast om tilskot på inntil kr. 10.000 til spesielle tiltak (§7 i kommunen sine retningslinjer). Dette gjeld ikkje vanleg drift, men større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar.
Kunngjering av søknadsfrist (vår) blir publisert på kommunen sine nettsider. Dei som mottok større året før, får også automatisk ei påminning. Tilskotet blir utbetalt innan midten av juni.
Gjeldande retningslinjer for stønad til kulturarbeid (PDF, 150 kB)
Spørsmål? Kontakt jardar.havikbotn@bokn.kommune.no – tlf. 98 22 15 08
Søknadsskjema