Førehandsrøysting
I perioden 11. august - 5. september kan du avgje førehandsrøyst på følgjande stader:
- Servicetorget - Boknatun
måndag 11. august - fredag 5. september: Kl. 09:00 -15:00 på kvardagar - Bokn folkebibliotek
onsdag 20 august 2025 og 3. september 2025: Kl. 16:00 – 19:00
Tidlegrøysting
Er det vanskeleg for deg å få røysta i perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du tidlegrøyste. Det er mogleg for deg å tidlegrøyste frå 1. juli fram til 10. august når førehandsrøystinga startar. Du må avtale tid for tidlegrøysting, så ring gjerne Servicetorget på tlf. 52 75 25 00, tysdager i tidsrommet kl. 10:00 til kl. 14:00 eller onsdager i tidsrommet kl. 10:00 til kl. 13:30 for å avtale. Røystestad for tidlegrøysting er Servicetorget.