Oppstarta arealplanarbeid

Detaljregulering for del av Alvestadkroken

Kartutsnitt med området skravert i blått. - Klikk for stort bilete

I samsvar med plan- og bygningslova 12-3 og 512-8 er det starta opp detaljreguleringsarbeid for del av gbnr. 11/297 med fleire i Bokn kommune.

Området (ca. 28 daa) er avsett til bustad i kommuneplanen. Gjeldande reguleringsplan er gjeldande for formålet. Plangrensa framgår av kartutsnitt. Mindre justeringar i plangrensa kan komma som følge av innspel til planarbeidet.

Området skal regulerast for å endra plassering av leikeplass og balløkke, ordna eit samanhengande gangvegsystem, legga opp til ein fleksibel plan med ei blanding av frittliggande og konsentrerte småhus, samt legga til rette for ei trinnvis utbygging av feltet. Plasseringa av vegen kan også bli justert.

Kommentarar/innspel til det igangsette planarbeidet skal vera skriftleg (fortrinnsvis post@proess.no) og rettast til proESS AS, innan 23.02.2018.

Grunnkart med planavgrensning (PDF, 633 kB)

Kartutsnitt (PDF, 368 kB)

Kartutsnitt med flyfoto (PDF, 426 kB)

Referat frå oppstartsmøte (PDF, 201 kB)

Planinitiativ (PDF, 267 kB)