Universell utforming

Bru på Turstien. - Klikk for stort bilete

Fordi det handlar om menneskeverd - med auka fokus på universell utforming og tilgjengelegheit for alle.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 16.01.2017

Av Anne E. Askeland

Har du innspel til uteområder i Bokn kommune som burde vore kartlagt med hensyn til grad av universell utforming? Send innspela dine til oss! 

Bokn kommune ynskjer innbyggjarane med på laget når det gjeld spørsmål og saker knytt til universell utforming. Det vil gjera oss betre rusta til å gjera ein betre jobb med tilrettelegging av uteområder for at alle skal kunne ha glede og nytte av dei.

Bokn kommune arbeider kontinuerleg for at innbyggjarane skal ha til same tilgang til både friluftsområder og andre uteområder tilgjengelige for allmenheita.

Person på Turstien. - Klikk for stort bilete Kommunen arbeider systematisk med å kartlegge desse områda spesielt med tanke på universell utforming. Av områder som vert kartlagde kan nevnast plassar, torg (sentrumskjerne), turstiar, leike/aktivitetsområder, kulturminner m.m.

Alle innbyggjarar vert inviterte til å kome med innspel/forslag til område det vil være nyttig å kartlegge med tanke på universell utforming. Innspel frå innbyggjaranevil gje oss ein status per i dag samt peike på utbedringsbehova som finst.

Som for alt anna, vil økonomiske rammebetingelsar vere medvirkande i prioriteringa av kva område som vert utbetra når og i kva omfang. Målet er at innbyggjarane opplever auka tilgjengelegheit  både på kort og på lang sikt.

Har du innspel til kva område det vil vere nyttig å kartlegge med tanke på universell utforming, fyll inn i skjemaet under.

Takk for at du tek deg tid til å medvirke i arbeidet med å sikre gjensidig kunnskap om universell utforming og om utbedringsbehov. Målet er at alle, uavhengig av funksjonsevne, skal oppleve same tilgjengelegheit til kommunens uteområde.

Ditt bidrag kan utgjere en forskjell for ein sambygding!

Kartlagte områder vil fortløpande bli registrerte i Rogaland Fylkeskommune sin nett-portal www.tilgjengelighet.no.

Kartleggingsskjemaet:

Oppgi namnet på området og kor det ligg.
Nemn gjerne tiltak du meiner ville gjera området meir universelt utforma.
Nemn aktørar/ressursar du meiner det vil vera nyttig å knytta til seg i kartleggingsarbeidet.
Felt merka med * må fyllast ut
Login for redigering