Kva er universell utforming?
Universell utforming er design av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpasning eller spesiell utforming.
Universell utforming skal vera eit overordna prinsipp i all planlegging og tilrettelegging i kommunen. Det er ei målsetting at prinsippa for universell utforming skal vektleggjast innanfor dei områda som angår innbyggjarane kvar dag. Døme på dette er mellom anna:
1. Kunnskap og kompetanse
2. Bygg og anlegg
3. Uteområde, friluftsliv og kulturminne
4. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi
5. Samferdsel
6. Reiseliv, næringsutvikling og innovasjon
Desse områda er i tråd med satsingsområda nedfelt i
Fylkesdelplan for universell utforming 2014-2017, Rogaland Fylkeskommune.