Rådmann og leiargruppe

Øverste administrative leiar i Bokn kommune er rådmann Ingeborg Skjølingstad.

Rådmannens primærfunksjon er å gi støtte og oppfølging overfor organisasjonen. Rådmannen har overordna ansvar for heile den kommunale verksemda. Dette omfattar heile tenestetilbodet, all planlegging, økonomi og personalforvaltning. I rådmannen si leiargruppe inngår tre kommunalsjefar, Solrunn Alvestad som er kommunalsjef administrasjon, Ingrid Sofie Rundhaug som er kommunalsjef oppvekst og kultur, og Grethe Heimvik som er kommunalsjef helse og omsorg.

Rådmannen sine hovudoppgåver er:

  • Skapa ein god serviceorganisasjon med god tilgjengelegheit som er tilpassa dei tenestebehov som innbyggarane kan forventa gjennom dei rammer som Bokn kommune til ei kvar tid arbeid innafor.
  • Legga tilrette for at informasjonen om dei kommunale tenester blir godt kjende for innbyggarane og næringslivet i kommunen.
  • Utforma visjonar og mål i samhandling med politisk leiing
  • Kontakt og samhandling med ordførar og andre folkevalde
  • Støtta leiarane og bygga felles leiarkultur
  • Sikring av koordinering og heilheitlege disposisjonar og vegval
  • Sikring av rammer, rutiner og retningslinjer for verksemda
  • Ansvar for iverksetting av vedtak og tilbakemelding av resultat
  • Ansvar kommunalt næringsarbeid
  • Utvikling av personalet og organisasjonskulturen
  • Internkontroll, HMS
  • Beredskap 


Rådmannen har kontor på Boknatun i 1. etasje.

Telefonnummer: 40 40 54 78

E-postadresse: ingeborg.skjolingstad@bokn.kommune.no