AvtaleGiro og eFaktura

Bilde frå nettsida pvu.nets.no

Bokn kommune ynskjer å spare både tid og pengar, og vonar at våre kundar går over på elektroniske løysingar når det gjeld mottak av faktura. 

Eit brev kostar nå minimum  kr. 13.00 i porto, og berekna kostnad pr. utsendt papirfaktura er ca. kr. 40,-.

I tillegg vert det enklare for kundane våre. Les meir om fordelar i skrivet om eFaktura kampanje (PDF, 276 kB)

Vel den enklaste måten å betala rekningane på

På pvu.nets.no inngår du avtalane som gjer det enklare å betale rekningane dine. Logg deg på og få full oversikt over rekningane som du kan motta som eFaktura og dei som du kan betala med AvtaleGiro.