Velkomen til frisklivssentralen "Innom"!

 

 

Kva er så ein frisklivssentral?

 

Ein frisklivssentral er eit kommunalt kompetansesenter med tilbod om å hjelpe til med å endre levevanar, primært innaføre områda fysisk aktivitet, psykisk helse, kosthold og tobakk. Mange opplever at små justeringar i levevanar raskt gjev auka livskvalitet og betre dagar. Og gode dagar, ja dei vil vi helst ha mange av.

Tilbodet er til for alle innbyggjarar i kommunen som ynskjer å endre levevanane sine, men også for dei som treng råd og rettleiing i korleis meistre livet på ein måte som gjer det litt enklare å kjenne meistring, auka livskvalitet og livsglede.

Som innbyggjar kan du anten ta kontakt med frisklivssentralen sjølv eller du kan verta henvist dit av fastlege eller anna sosialfagleg -og/eller helsefaglegpersonell.

Basistilbodet ved frisklivssentralen er i fyrste rekkje

Tilbod om

 - frisklivsamtale

Råd og rettleiing innan

 - fysisk aktivitet

 - ernæring

 - psykisk helse

 - snus - og røykeslutt

Det vil verta arrangert kurs innaføre kategoriane nemnd ovanfor.

For detaljert informasjon om kursdatoar sjå link: (Link til kurskalender kjem)

I tillegg til konkrete kurs vil den enkelte verta oppfordra til å søkje kunnskap, råd og rettleiing via kvalitetssikra informasjonskalanar på internett.

Frå kommunen si side vil ein særskilt henvise til fylgjande informative kjelder:

www.dine30.no

www.bramat.no

www.ung.no

www.mentalhelse.no

www.slutta.no

For meir informasjon om frisklivssentralen samt booking av frisklivsamtale kontakt oss på telefon

52752500 så hjelper vi deg vidare. Du kan også nå oss via mail på post@bokn.kommune.no. Det er fint om du då legg inn "Att: Frisklivssentralen Bokn" i Emnefeltet.

 

Nyttige lenker:

Veileder for kommunale frisklivssentraler

https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/veileder-for-kommunale-frisklivssentraler-etablering-og-organisering-