
Kva er så ein frisklivssentral?
Ein frisklivssentral er eit kommunalt kompetansesenter med tilbod om å hjelpe til med å endre levevanar, primært innaføre områda fysisk aktivitet, psykisk helse, kosthold og tobakk. Mange opplever at små justeringar i levevanar raskt gjev auka livskvalitet og betre dagar. Og gode dagar, ja dei vil vi helst ha mange av.
Tilbodet er til for alle innbyggjarar i kommunen som ynskjer å endre levevanane sine, men også for dei som treng råd og rettleiing i korleis meistre livet på ein måte som gjer det litt enklare å kjenne meistring, auka livskvalitet og livsglede.
Som innbyggjar kan du anten ta kontakt med frisklivssentralen sjølv eller du kan verta henvist dit av fastlege eller anna sosialfagleg -og/eller helsefaglegpersonell.
Basistilbodet ved frisklivssentralen er i fyrste rekkje tilbod om frisklivsamtale og råd og rettleiing innan fysisk aktivitet, ernæring, psykisk helse, snus - og røykeslutt.
Det vil verta arrangert kurs innaføre kategoriane nemnd ovanfor. For detaljert informasjon om kursdatoar sjå link: (Link til kurskalender kjem)
I tillegg til konkrete kurs vil den enkelte verta oppfordra til å søkje kunnskap, råd og rettleiing via kvalitetssikra informasjonskalanar på internett.
Frå kommunen si side vil ein særskilt henvise til fylgjande informative kjelder:
For meir informasjon om frisklivssentralen samt booking av frisklivsamtale, kontakt oss på telefon 52752500, så hjelper vi deg vidare. Du kan også nå oss via mail på post@bokn.kommune.no. Det er fint om du då legg inn "Att: Frisklivssentralen Bokn" i emnefeltet.
Nyttig lenke:
Rettleiar for kommunale frisklivssentraler