Rådmann og leiargruppa

Øverste administrative leiar i Bokn kommune er rådmann Jan Erik Nygaard.

Rådmannens primærfunksjon er å gi støtte og oppfølging overfor organisasjonen. Rådmannen har det overordna ansvar for heile den kommunale verksemda. Dette omfattar heile tenestetilbodet, all planlegging, økonomi og personalforvaltning. I rådmannen si leiargruppe inngår to kommunalsjefar, Solrunn Alvestad som er kommunalsjef forvaltning og Ingrid Sofie Rundhaug som er kommunalsjef tenester.

Rådmannen sine hovudoppgåver er:

  • Skapa ein god serviceorganisasjon med god tilgjenge som er tilpassa dei tenestebehov som innbyggjerane kan forventa gjennom dei rammer som Bokn kommune til ei kvar tid arbeid innanfor.
  • Legga tilrette for at informasjonen om dei kommunale tenester blir godt kjende for innbyggjarane og næringslivet i kommunen.
  • Utforma visjonar og mål i samhandling med politisk leiing
  • Kontakt og samhandling med ordførar og andre folkevalde
  • Støtta leiarane og byggja felles leiarkultur
  • Sikring av koordinering og heilheitlige disposisjonar og vegveal
  • Sikring av rammer, rutiner og retningslinjer for verksemda
  • Ansvar for iversetting av vedtak og tilbakemelding av resultat
  • Ansvar kommunalt næringsarbeid
  • Utvikling av personalet og organisasjonskulturen
  • Internkontroll, HMS
  • Beredskap 

Rådmannen har kontor på Boknatun i 1. etasje.

Telefonnummer: 52752501/98221501

e-postadresse: jan.erik.nygaard@bokn.kommune.no