Kulturskulen

Påmelding til Bokn musikk– og kulturskule 2019/2020

Klikk for stort biletePåmelding for skuleåret 2019/20 via elektronisk skjema (OBS! Bruk datamaskin, ikkje mobil) - med søknadsfrist 12. august. 
 

Gjeldande vedtekter (PDF, 92 kB)

Av Anne Tove Øvrebø

Piano

Lær deg å spela, eller hald fram med å utvikla talentet ditt, hos vår dyktige lærar, Venevil Birkelund.

Klikk for stort bileteMykje kjekt ein kan vera med på, om ein ynskjer det. Oppdrag ein til dømes kan få tilbod om er å spela under lokale arrangement eller for lag og organisasjonar. Om ein vil, kan ein også melda seg på Ung Kultur Møtes (UKM, 13 - 20 år).

Ofte har pianoelevane elevkonsert før jul og før sommarferien, der ein kan få visa kva ein har jobba med i løpet av året.

Lærar: Venevil Birkelund.
20 minutt undervisning pr. veke. Time etter avtale.

Boknakoret

Boknakoret har eit godt og triveleg samarbeid med koret, Aksang, og i utgangspunktet øver me saman anna kvar veke. Kvar fjerde gong er me på Tysværtunet, elles er me i auditoriet på Bokn. (Dette kan variera noko i innspurten til konsertar. Me organiserer oss i forhold til køyring).

Klikk for stort bileteMe har to VELDIG kjekke og spanande prosjekt for hausthalvåret!

Me håpar på fleire medlemmar, så dersom du kjenner på at du har litt lyst å bli med; Kom! Me treng DEG!

Me ynskjer nye medlemmar hjarteleg velkommen! Ein treng ikkje å kunne notar for å vera med. Me har det veldig kjekt, med mykje lått og løye. Høg trivselsfaktor! Kom og bli med! 😊

Klokkeslettet for øvingane kan variera noko, men blir i utgangspunktet slik:
Bokn: 19.00 – 21.00.
Aksdal: 19.30 – 21.30.
Det vil i tillegg bli eit par øvingsdagar i samband med prosjekta me skal til med.

Dirigent/leiar: Anne Tove Øvrebø.
Alder: Frå 8. klasse og oppover.
Øvingsdag: Tysdagar.

Les gjeldande vedtekter (PDF, 92 kB) for elevplass for vidare informasjon om m.a. opptak, bindingstid, søskenmoderasjon, venteliste, utmelding m.m..

Håpar på god pågang, og at det blir eit fint og lærerikt år i Bokn musikk- og kulturskule.

Prisar for skuleåret 2019/2020

Prisar pr. halvår pr. elevplass:
Instrumentalundervisning: 877,-
Gruppeundervisning: 698,-

Anne Tove Øvrebø
Rektor Bokn musikk- og kulturskule
Mail: atovrebo@boknskule.no
Tlf.: 90 03 15 18

Gå til påmelding 

 

 

 

Publisert 03.07.2019
Korøving 13.11.18

Påmelding for skuleåret 2019/20 via elektronisk skjema (OBS! Bruk datamaskin, ikkje mobil) - med søknadsfrist 12. august. 
 

Publisert 26.02.2019

Tre elevar frå Bokn kulturskule var med i UKM’s lokalmønstring for Tysvær og Bokn i Tysværtunet kulturhus, 15. februar.

Publisert 05.03.2018

Kulturskulen arrangerer kosekonsertar i Blackboxen i Bokn arena (scenen) på slutten av kvart semester.