Innskriving av elevar

Klikk for stort bileteVelkommen til innskriving for 1. kl. 2018/19 på Bokn skule fredag 27. april kl. 09.00

Alle barn i Bokn som er fødde i 2012 eller før, og som ikkje har byrja i skulen, skal etter §2-1 i Opplæringslova skrivast inn.

Det kan innvilgast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Likeeins er det høve til å søkje om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2018. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for begge er 15. mai 2018

Det vert sendt ut innbyding til kvar elev med fleire opplysningar om innskrivingsdagen.

Velkomen til Bokn skule!

 

Wenche Havikbotn

rektor