Informasjon om Vigilo barnehage.

I Bokn barnehage brukar vi det digitale verktøyet Vigilo. Det er ein lukka nettportal som berre føresette og personalet kan kome inn på ved bruk av passord. Føresette kan kommunisera med personalet elektronisk for å gi  beskjedar – det same kan personalet gjere til kvar enkelt av dei føresette. På Vigilo loggar ein inn og ut barn og vaksne, samt registrar fråvær. Barnehagen legg  og ut dagsrapportar med bilete og tekst om aktivitetane barna har delteke i. Månadsplanane til kvar avdeling vert lagt ut på Vigilo. På den måten kan dei føresette lettare fylgje med på kva aktivitetar barna skal delta i.