Velkommen til Bokn barnehage

barn ute i barnehagen - Klikk for stort bilete Vår visjon er:

Kjekt i barnehagen, der lærer me heile dagen!

Vårt hovedmål er:

Trivsel og godt sjølbilde gjennom autoritative vaksne!

Vi har nå implementert «være sammen» programmet, og er ein autoritativ barnehage. Autoritativ voksenstil betyr at ein møter barna med øyenkontakt, aktiv lytting og empati. Det gjer at barnet vert tryggare i relasjonen til dei vaksne, og tør lettare kome fram med sine eigne ynskjer og følelsar. Det vert ein positiv relasjon mellom barnet og den vaksne som legg grunnlaget for ein god kvardag i barnehagen. Neste steg er å implementere «Rammeplan for barnehagen» av 15.08.2017. som er eit pågåande arbeid.

Være sammen løva 1 - Klikk for stort bilete Løve 1 - Klikk for stort bilete

I Bokn barnehage brukar vi det digitale verktøyet Vigilo. Det er ein lukka nettportal som berre føresette og personalet kan kome inn på ved bruk av passord. Føresette kan kommunisera med personalet elektronisk for å gi  beskjedar – det same kan personalet gjere til kvar enkelt av dei føresette. På Vigilo loggar ein inn og ut barn og vaksne, samt registrar fråvær. Barnehagen legg  og ut dagsrapportar med bilete og tekst om aktivitetane barna har delteke i. Månadsplanane til kvar avdeling vert lagt ut på Vigilo. På den måten kan dei føresette lettare fylgje med på kva aktivitetar barna skal delta i.

 

Logo Vigilo

Dersom du har barn i Bokn barnehage kan du lese om oppdaterte brukarvilkår på Vigilo sin nettstad. Vilkåra er oppdaterte for å vere i samsvar med krava i den nye personvernforordninga, PVF.

Merk at eventuelle krav om retting, sletting eller innsyn skal rettast til Bokn kommune. Du finn meir informasjon om dette her.

 Under finn de ei rekke råd om korleis ein bør handtere at barn blir sjuke.