Påmelding til Bokn musikk– og kulturskule 2017-2018

Boknakoret, 17. mai 2015. - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist: Fredag 30. juni 2017.

Påmelding via elektronisk skjema: Bokn Kommune, Kulturskulen.

Publisert av Anne Tove Øvrebø. Sist endra 19.05.2017

Piano:    Lærar: Venevil Birkelund.
   20 minutt pr. veke. Pris pr. halvår kr. 830,-.
   Time etter avtale.Barnekor:    Leiar: Hibbi Mannes.
   Alder: 4 - 7 år. Øving onsdagar kl. 17.30-18.30.
   Alder: 8 - 12 år. Øving onsdagar kl. 18.45-19.45.
   Pris pr. halvår kr. 661,-.

Boknakoret:  Leiar: Anne Tove Øvrebø.
    Alder: 13 år og oppover.
    Koret har øving tysdagar kl. 18.30 - 20.30.
    Pris pr. halvår kr. 661,-.

Søskenmoderasjon: 30 % på rimelegaste tilbod.

Bindingstid og betaling
Påmeldinga er bindande for eit halvt skuleår (eitt semester) om gongen.
Eleven får tildelt plass i kulturskulen for eitt år (haust og vår).
Skulle ein ikkje ynskje å fortsetje i kulturskulen til våren, må ein gi skriftleg beskjed om utmelding til underteikna innan 10. desember 2017. Gir ein ikkje beskjed om utmelding, vil ein bli fakturert også for vårsemesteret. Eventuell unytta elevplass gir ikkje rett til tilbakebetaling av skulepengar. Pris pr. halvår med atterhald om endringar i kommunale satsar. Faktura vil bli sendt forskotsvis.

Søknad og opptak
Dei som får tildelt plass, får melding om dette ved skulestart hausten 2017. Då kjem også nøyaktig tidspunkt for den enkelte undervisningstime. Dersom ein ikkje skulle få tildelt plass, blir ein sett på venteliste og blir kontakta så snart det blir ledig.

Håpar på god pågang, og at det blir eit fint og lærerikt år i Bokn musikk- og kulturskule.


Anne Tove Øvrebø
Rektor i Bokn musikk- og kulturskule
Mail: atovrebo@boknskule.no
Tlf.: 90 03 15 18

Gå til påmeldinga her.

 

Kulturskulen
Login for redigering