Ungdomsbustader i Bokn

ungdomsbustad - Klikk for stort bilete Bokn kommune har fire ungdomsbustader. Desse blir leigde ut etter vilkår fatta i vedtak i formannskapet.

Ledige bustader blir lyste ut i Bokn bygdeblad, papirutgåve og på internett og på Bokn kommune sine heimesider. I tillegg blir det hengd opp plakatar på Coop og Boknatun.

Publisert av Stein Magnar Gjerde. Sist endra 16.12.2015

Tildelingsvilkåra vedtekne av formannskapet: 

  1. Husbankens retningsliner for tildeling av bustadstilskott
    • Unge mellom 18 og 35 år
    • Unge som skal etablere seg for første gang og som har lav inntekt og lav eller ingen formue
    • Vekt skal leggjas på behovet for å få løyst bustadproblemet raskt
  2. Butid i kommunen skal tilleggas vekt viss søkjarane elles står likt
  3. Tildelingsnemnda skal ta avgjerder etter ei samla vurdering og skjønn

Det er fire ungdomsbustadar, to i to einingar.  Postadresse er Øyren 38, 40, 42 og 44.

Den nordlige har g.nr. 4 og br.nr 33. Den sørlige har g.nr 4 og br.nr 34

Bustadane 44 og 42 har eit soverom og bustad nr 40 og 38 har to soverom. Elles er dei like og består av kjøkenkrok, stove, bad, gang og bod. Det er og ei utebod og ein biloppstillingsplass.

Nord

Sør

G. nr. 4, b. nr. 33

G. nr 4, br.nr 34

Nr 44

Nr 42

Nr 40

Nr 38

Login for redigering