Parkeringsløyve for bevegelseshemma

Du kan søka kommunen om parkeringsløyve for bevegelseshemma. Løyvet gir deg rett til å parkera på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du treng å følga den lengste fastsette parkeringstida.

Målgruppa er personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å bevega seg over nokon lengde. 

Kommunen pliktar å sørga for denne tenesta, og skal innhenta nødvendige opplysningar og fatta vedtak. Er du misfornøyd med vedtaket, kan du klaga innan tre veker. Opprettheld kommunen avgjerda, blir saka sendt vidare til kommunens eiga klagenemnd, som avgjer om klagen skal takast til følge.

Lovar

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

Forskrifter

Forskrift om parkering for forflytningshemmede

Søknad

Rettleiing med søknadsskjema og legeerklæring (PDF, 508 kB)

Saksbehandling

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Deretter fattast det eit vedtak. Vanlegvis får du ei forklaring samtidig med vedtaket, og alltid viss det kan tenkast at du ikkje blir nøgd med vedtaket. Viss forklaringa ikkje følger med, kan du få ho ved å ta kontakt med kommunen innan klagefristen for vedtaket.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når vedtaket blir planlagt fatta.