Søknad om tilskot til kulturarbeid

Bokn kommune gir kvart år økonomisk støtte til kulturarbeidet i kommunen. Målet med ordninga er å fremja eit aktivt og allsidig kulturliv. Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, medlemstal og årlege utgifter blir prioriterte.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 27.03.2017

Desse kan ikkje motta stønad:

- Lag som driv på forretningsmessig basis
- Organisasjonar som ivaretar yrkesinteressene til medlemmene
- Politiske lag og aksjonar

Nye lag kan få inntil kr. 2.000,- i oppstartingsstønad. Dette gjeld ikkje nye undergrupper innafor eksisterande lag.

  • I tillegg til driftstilskot kan det søkjast om tilskot på inntil kr. 10.000 til spesielle tiltak (§7 i kommunen sine retningslinjer). Dette gjeld ikkje vanleg drift, men større arrangement som kulturkveldar, konsertar og utstillingar, osv., eller større investeringar. 

Søknadsfrist er 15. april og tilskotet blir utbetalt innan midten av juni.

  • Det kan søkjast om tilskot til leiartrening gjennom heile året. Dette gjeld stønad til deltaking på kurs/konferansar (inntil 50% av samla utgifter) som tar sikte på skolering av laget sine medlemmer, samt utdanning av leiarar og tillitsmenn. Søknad kan sendast før påmelding til kurs/konferanse, og svar om kommunal støtte blir gitt innan to veker etter mottatt søknad. Utbetaling blir gjort etter innsending av rekneskap og kvitteringar. 

Spørsmål? Kontakt jardar.havikbotn@bokn.kommune.no – tlf. 52 75 25 08 - 98 22 15 08

Søk her

Login for redigering