Kulturskulen

Påmelding, Bokn musikk- og kulturskule - skuleåret 2021/2022

Søknadsfrist: 1. august 2021. Påmelding via elektronisk skjema i søknadssenteret; Søknad om plass i musikk- og kulturskule (OBS! BRUK PC - IKKJE NETTBRETT ELLER MOBIL).

Søk her

Piano           

Lær deg å spela, eller hald fram med å utvikla talentet ditt, hos vår dyktige lærar, Venevil Birkelund.

Det er mykje kjekt ein kan vera med på, om ein ynskjer det. Oppdrag ein til dømes kan få tilbod om, er å spela under lokale arrangement og for lag og organisasjonar. Om ein vil, kan ein også melda seg på Ung Kultur Møtes (UKM, 13 - 20 år).

Ofte har pianoelevane elevkonsert før jul og før sommarferien, der ein kan få visa kva ein har jobba med i løpet av året.

Lærar: Venevil Birkelund.
20 minutt undervisning pr. veke. Time etter avtale.
Pris pr. halvår kr. 1200,-.

Les "Vedtekter for elevplass" (PDF, 94 kB) for vidare informasjon om m.a. opptak, bindingstid, søskenmoderasjon, venteliste, utmelding m.m.

Søk her

Anne Tove Øvrebø
Rektor Bokn musikk- og kulturskule
Mail: atovrebo@boknskule.no
Tlf.: 90 03 15 18

Publisert 23.06.2021

Søknadsfrist: 1. august 2021. Påmelding via elektronisk skjema i søknadssenteret; Søknad om plass i musikk- og kulturskule (OBS! BRUK PC - IKKJE NETTBRETT ELLER MOBIL).

Publisert 12.06.2020

Påmelding for skuleåret 2020/21 via elektronisk skjema (OBS! Bruk datamaskin, ikkje mobil) - med søknadsfrist 1. juli. 

Publisert 03.07.2019
Korøving 13.11.18

Påmelding for skuleåret 2019/20 via elektronisk skjema (OBS! Bruk datamaskin, ikkje mobil) - med søknadsfrist 12. august. 
 

Publisert 26.02.2019

Tre elevar frå Bokn kulturskule var med i UKM’s lokalmønstring for Tysvær og Bokn i Tysværtunet kulturhus, 15. februar.

Publisert 05.03.2018

Kulturskulen arrangerer kosekonsertar i Blackboxen i Bokn arena (scenen) på slutten av kvart semester.