Syngjesteidn

 

Klikk for stort bileteSyngjesteidn Reidar Alvestad Steinen ligg like ved vegen på sørsida av Boknabergsvatnet. Steinen gjev ein spesiell og syngande lyd når ein dunkar hardt på han. Før vegen rundt Boknabergsvatnet blei bygd i 1960-61, låg steinen omlag ved avkøyringa frå E39. Der stod steinen litt på skrå, og det blir sagt at det då var finare lyd i han enn der han ligg no. Tidlegare blei Syngesteinen også kalla Klokkesteinen. Det geologiske namnet er tonalitt, og det finst tilsvarande steinar i andre kommunar.