Strandstaden i Alvestadkroken

Klikk for stort bileteAlvestadkroken frå lufta Kyrre Lindanger Klikk for stort bileteAlvestadkroken Kyrre Lindanger

Alvestadkroken er ein gamal strandstad, og den fyrste husmannen slo seg ned her omkring 1670-talet. I høgmellomalderen var Alvestad mellom dei større gardane i bygda. Rett etter reformasjonen blei han vurdert til 48 spann – 370 kilo – landskyld. Som gardar flest i Bokn, levde folk på Alvestad dels av jorda, dels av sjøen. Frå gamalt av har garden heitt Olvirstad – bustaden til Olvir. Og Olvir må anten ha vore bureisaren på garden, eller så og ein svært kjend bonde på garden ein gong tilbake for eit par tusen år sidan.

I hamna her kunne båtar ankra opp før fjordkryssinga. Alvestadkroken var den siste hamna før kryssinga av Boknafjorden. I den samanhengen blei det ytt ymse tenester, for eksempel vøling etter ei hard fjordferd eller skaffa vatn og proviant.

Her blei det etterkvart ein liten strandstad som på 1800-talet fekk både dampskipsbrygge og landhandel. Mens det berre budde fem personar her i 1801, auka det jamnt oppover 1800-talet. I 1891 budde det ni bondefamiliar i Alvestadkroken og tolv andre familiar.

Her budde det elles bakarar, to landhandlarar, seks fiskarar, ein skomakar, sjøfolk, tømmermenn, fyrvaktar og etterkvart ein murar. Bakeriet som låg her sysselsette tri bakarar og leverte brød heilt til Tysvær.

I 1849 fekk Boknasundet sitt eige fyr. Det blei sett opp på ein svær gravhaug og skulle opphavleg brenna under sildefisket, frå 12. desember til 1. mars. All aktiviteten i og ved Kroken førde også til krav om eiga dampskipsbrygge. Særleg stod landhandlarane på, og i 1880-åra kom ho. Det var Haugesunds Dampskipsselskap sine båtar som hadde anløpa sine her i motsetning til Føresvik der båtane til DSD la til. Nokre av dei siste båtane som gjekk innom her, var ”Tonjer” og ”Tre Måker”.

Handelsdrift har det vore uavbrutt frå 1800-talet og fram til butikken i Alvestadkroken blei lagt ned i 2005.