Petra fritidsklubb

Petra fritidsklubb 15cm.jpg - Klikk for stort bilete

Petra fritidsklubb er eit rusfritt tilbod for ungdommar frå 8. klasse og fram til dei er 18 år.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 30.03.2015

Klubben har ope anna kvar fredag (når det ikkje er bygdekino) kl. 20:00 – 00:00. Det kostar 20 kr i inngangspengar. Ungdommane får stempel på handa når dei kjem inn.

Her kan ungdommane høyra på musikk, dansa, spela spel, eller berre slappa av saman med vener. Det blir også sett opp ulike aktivitetar etter kva ungdommane ynskjer. Petra fritidsklubb arrangerer også julemiddag for ungdommane kvart år.

I sommarferien er Petra fritidsklubb stengt. Ein kan også kontakta barne- og ungdomsarbeidaren på Petra fritidsklubb sin Facebookprofil.

Login for redigering