Klepp festningsanlegg

 

 

Klikk for stort bileteFrå Klepp festningsanlegg Kyrre Lindanger På Loden ved Klepp ligg ein tysk festning frå 2.verdskrigen. Her er restar etter både bunkersar, ammunisjonslager, løpegraver, restar etter kanonstillingar med feste, sjukestove, offisersbrakker, mannskapsbrakker, grisehus, kontrollpost ved vegen og anna. Saman med Fjøløy fort i sør og festningsverk ved Skudeneshavn i vest kunne tyskarane sperra både innseglinga til Boknafjorden og Karmsundet. Området ligg lett tilgjengeleg både til fots og på sykkel. Ein kjerreveg i utmarka gjer turen rundt på området lett framkomeleg.