Kanalen i Sunnalandsstraumen

 

 

Klikk for stort bileteSunnalandsstraumenKanalen gjennom Sunnaland til Karmsundet blei bygd omkring 1870. Hensikta var å gjera sambandet enklare for mindre farty mellom Karmsundet og Boknasundet. I 1906 blei det satt opp ei vippebru over kanalen. Ho blei riven i 1928 og erstatta av ei ny vippebru, som igjen blei riven i 1957 då den noverande brua blei satt opp. Staden blei vald som kulturminne i 1997. Det er registrert fornminne der, mellom anna ei gravrøys med varde samt fleire fisketufter. I ei lita fjellkløft blei det hausten 1923 funne ein sølvskatt frå kring 1015.