Herskapshuset i Kro

 

 

Klikk for stort bileteHerskapshus i Kro Kyrre Lindanger Huset på bruk 1 i Kro blir i daglegtale berre omtala som ”Bygningen”. Det er ein sjeldan blome i husfloraen på bygdene. Det minnar mest om eit herskapshus i byen. Huset er prega av empirens symmetriske formspråk og dekor, noko ein her finn eit nesten ekstravagant uttrykk for i vindusomramningane. Bøndene i Kro slo seg stort opp under sildafiskeriene på 1800-talet. Fyrste del av ein rik ekspansjonstid skjedde med Lars Olav Kro (1780-1856). Han var ikkje berre ein vellukka sildaeksportør. Han var også ein framståande haugianar og ein av grunnleggarane av Det norske misjonsselskap i Stavanger i 1842. Sonen Ola Larsen bygde herskapshuset i 1846-1847 på same tid som han gifta seg. Han bygde også naustet og sildesalteriet som framleis står i Krovågen, like ved huset. Både Ola og sonen Lars Martinius Larsen hadde store ekstrainntekter som eigarar av skipspartar. I 1911 hadde bøndene her halvparten av inntektene frå reiarverksemd og berre 30% frå jordbruket på garden.