Folgehus frå 1743

 

 

Klikk for stort bileteFolgehusDette huset blei truleg reist av Jens og Anna som heimehus kring ein gong før 1743 som avløysing for den gamle røykstova. Dette årstalet er skrive i veggen, og huset må difor vera minst så gammalt. Sidan var det i bruk som bustadhus til innpå 1830-talet då det nye, staselege heimehuset som framleis er i bruk, blei reist. Det gamle huset blei sidan nytta ei tid som folgehus for sidan å enda som hønsehuset. Også denne bygningen blei flytta or det gamle tunet og ligg i dag i lag med røykstova. På Laupland har me altså tri generasjonar heimehus som spenner frå sist på 1500-talet til 1830-talet. Bokn bygdemuseum tok over bygningen kring 1980.