Bokn bygdemuseum

Bokn bygdemuseum - Klikk for stort bilete Det gamle ungdomshuset på Håland på Vestre Bokn har sidan kring 1980 husa Bokn bygdemuseum etablert av lokale entusiastar.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 07.08.2015

Her blir historia til ungdoms- og fråhaldslaget, som hadde aktiviteten sin her heilt frå 1908, gjenspegla. Dei om lag 4000 gjenstandane er ordna slik at ein får eit breitt bilete av det gamle Bokn. Her kan ein gå gjennom kjøkken, bestestove og soverom. Her finst skomakarverkstad, skulestove, fiske- og jordbruksavdeling slik dei var for generasjonar sidan. Museet disponerar også kårhus, røykstove og kvernhus på Laupland. Museet i Bokn er ei avdeling av Haugalandmuseene.

Artikkel
Login for redigering