Bautastein over Asbjørn Kloster

Klikk for stort bileteBauta Asbjørn Kloster.jpg Kjetil Hamre Eit steinkast aust for Bokn kyrkje står ein bautastein over grunnleggjaren av den moderne fråhaldsrørsla i Noreg, Asbjørn Kloster. Han vart fødd på Boknaberg i 1823. Den oppvakte guten lærte seg engelsk på eiga hand og fekk etter ei tid solid utdanning ved kvekarskular i England. Han blei sentral innan norsk kvekarrørsle på 1800-tallet. Kloster spela ei aktiv rolle både som forkynnar, pedagog og, mot slutten av livet sitt, som forretningsmann og skipsreiar. Steinen er reist i 1923 – nøyaktig på 100 års dagen hans.