Syngjesteidn

 

SyngjesteidnSteinen ligg like ved vegen på sørsida av Boknabergsvatnet. Steinen gjev ein spesiell og syngande lyd når ein dunkar hardt på han. Før vegen rundt Boknabergsvatnet blei bygd i 1960-61, låg steinen omlag ved avkøyringa frå E39. Der stod steinen litt på skrå, og det blir sagt at det då var finare lyd i han enn der han ligg no. Tidlegare blei Syngesteinen også kalla Klokkesteinen. Det geologiske namnet er tonalitt, og det finst tilsvarande steinar i andre kommunar.