Bok om dagbok

Riksarkivet

Sett av 2. feb. kl. 19 i Bokn Arena. Då blir det boklansering av den berømte matros-dagboka til Nils Trosner. 

Bokverket, som inneheld både originale og transkriberte tekstar og samtlege illustrasjonar frå dagbøkene, blir også lansert i Oslo 31. januar.

Overarkivar ved Rigsarkivet i København, Hans Christian Bjerg, er bokredaktør. Prosjektleiar er kommandørkaptein Tor Jørgen Melien, ved Institutt for forsvarsstudier. Dei vil i tillegg til direktør for Haugalandmuseene, Mads Ramstad, presentera Nils Trosner og bøkene som blir lanserte. 

Ordførar Tormod Våga vil ynskja velkommen og det vil bli kaffi og noko å bita i.
 

Nils Trosner var også ein glimrande teiknar. Riksarkivet

"Tordenskjolds matros"

Nils Danielsen Trosnavåg (Nils Trosner), fødd på Trosnavåg i 1685, gjorde teneste som matros på fleire skip i den dansk-norske fellesflåten under Den store nordiske krig (1700-1721). I åra 1710-1714 laga han dagbok om dagleglivet ombord på krigsskipa. Livet på land har også fått plass i dagboka, som t.d. sterke skildringar av pesten i København i 1711 og 1712.

Han var ein svært dyktig skribent og teiknar, og den 800 siders store dagboka i to band, har teikningar i margen på kvar einaste side. Prestasjonen er blitt kalla ufatteleg med tanke på dei tronge og vanskelege forholda til sjøs. 

Då han dimitterte, blei dagboka tatt med heim til Bokn. Boka blei seinare funnen igjen på Sæbø og sendt til Riksarkivet i 1883. Matros-dagboka blir mykje nytta som ei historisk kjelde, og Nils Trosner er blitt kjent som "Tordenskjolds matros".

Nasjonal betydning

Dagboka fortel også historia til mange tusen unge norske menn som gjorde teneste i den felles dansk-norske flåten, og det er ikkje bevart andre dagbøker eller liknande historier frå norske sjøfolk i denne perioden.

Den originale dagboka, band 1. Riksarkivet

Nils Trosners dagbok er også ein del av den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register, og blei tatt inn som ein del av Noregs dokumentarv ved opprettinga av registeret i 2012. 

Dagboka er også digitalisert og tilgjengeleg i Digitalarkivet:  Band 1     Band 2
 
 
Les også 
 
 
 
Kjelder: Riksarkivet og "Bokn - Gard og Ætt" (Birger Lindanger)