Årets mørkaste dag

21. des. er årets mørkaste dag. Du kan lysa han opp for einsame i Noreg. Klikk for stort bilete

Røde Kors ønsker å etablera denne dagen som ein årleg dag kor det blir skapt merksemd om det å vera einsam. Dette for å bevisstgjera korleis ein kan bidra til å hjelpa menneske som er einsame og senka terskelen for å ta kontakt med dei som treng hjelp.

Me kan alle føla oss einsame, og me kan alle vera den eine som betyr mykje for andre som er det. Ved å lysa opp årets mørkaste dag er du med på å minna oss alle om betydninga av enkeltmenneskers handlingar. Uansett kven du er kan du ha ei stor betydning for andre.

Klikk for stort bilete