1. Kva tilbyr me?
Kommunen skal fremje folkehelse, trivnad og gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebyggje og behandle sjukdom, skade eller lyte. Hjelpetilboda sikre at kommunen fyller lovkrava om å førebyggje, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep.
Sjå Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
2. Kven kan få tilbodet?
Det er viktig at ein oppsøkjer hjelp dersom ein er utsett for vald eller overgrep i nære relasjonar.
Det er også viktig at ein oppsøkjer hjelp dersom ein utset andre for vald eller overgrep, eller har tankar om dette.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Barn og unge Henriette Lindanger
Telefon: 938 51 409
E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no
Vaksne Miriam Berland
Telefon: 404 10 570
E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag - fredag kl. 08.00–15.30 (onsdag stengd)
4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt med aktuell hjelpeinstans:
Barnevernstenesta
Overgrepsmottaket
Krisesenter Vest IKS
Sør-Vest politidistrikt
Dersom du ønskjer nokon å rådføre deg med, eller treng bistand i kontakt med hjelpeapparatet, kan du ta kontakt med Bokn kommune.
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Avvergingsplikten - plikt.no
Lovverk – NKVTS – En veileder om vold i nære relasjoner
Taushetsplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt i forvaltningen – en veileder
8. Nettstader
VOlinjen
Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV)
Dinutvei.no | Nasjonal veiviser ved vold og overgrep
Nok. Sør-Vest – Ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep.
Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no)
Vern for eldre