Tannhelsetenesta

1. Kva tilbyr me?
•    Rettleiing i god munnhelse
•    Oppdage og behandle sjukdom i tenner og munnhola
•    Fjerne og erstatta tenner
•    Korrigera tannstilling

2. Kven kan få tilbodet?
Regelmessig og oppsøkjande tilbod frå den offentlege tannhelsetenesta:
•    barn og ungdom fram til dei er 18 år
•    psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
•    eldre, langtidssjuke og uføre som er i institusjon eller får heimesjukepleie
•    unge vaksne frå året dei fyller 19 til og meir året dei fyller 24 år
•    rusmiddelavhengige som også får helsetenester
•    innsette i fengsel
Vaksne som ikkje fell innunder gruppene over skal i hovudsak oppsøkja behandling i den private tannhelsetenesta.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Tysvær tannklinikk        Telefon: 51 50 90 90
                                          E-post: tysvaer@throg.no 
                                          Besøksadresse: Aksdal senter, Rådhusvegen 45, 5570 Aksdal
                                          Postadresse: Postboks 248, 5575 Aksdal

4. Slik søkjer du
Barn får innkalling til jamlege kontrollar frå dei er ca 3 år gamle. Fram til barnet er 18 år vil næraste tannklinikk vere den som tek kontakt for time til kontroll og behandling.
Pasientførespurnader om timeavtalar må rettast til Tysvær tannklinikk eller privat tannklinikk.

5. Kva kostar det?
Den offentlege tannhelsetenesta er gratis for 
•    barn 0-18 år
•    personar som bur på institusjon eller får heimesjukepleie i meir enn tre månader
•    psykisk utviklingshemma
•    rusmiddelavhengige som får personleg assistanse eller LAR
•    rusmiddelavhengige kvar pårørande får avlasting frå kommunen
•    innsette i fengsel som har eit opphald på meir enn tre månader
•    akutt tannhelsehjelp for innsette i fengsel.
Grupper som får redusert betaling hos tannlegen
•    aldersgruppa 19-24 år skal betale 25 % av utgiftene til tannbehandling.
Grupper med spesielle ordningar for betaling av tannhelsetenester
•    flyktningar og asylsøkjarar på statlege mottak
•    personar med tannlegeskrekk
Vaksne som ikkje fell innunder gruppene over, må sjølv betala utgiftene til tannbehandling.

Takster for tannbehandling - Helsedirektoratet

6. Klage 
Klage skal vere skriftleg og sendast til tenesta/tenestestaden du vil klage på. Du kan også sende klage til statsforvaltaren. Fristen for å klaga er 3 veker. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Skjema for klage på tannhelsetenesta
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om tannhelsetjenesten (tannhelsetjenesteloven) - Lovdata
Tannhelse - Helsenorge

8. Nettstader
Tannhelse Rogaland 
Tysvær tannklinikk | Tannhelse Rogaland