Psykososialt kriseteam

Målsetjing
•    Bidra til at enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte frå tenesteapparatet i etterkant av kritiske hendingar
•    Bidra til å normalisere livssituasjonen, mobilisere nettverk og førebyggje at traumatiske opplevingar utviklar seg til psykiske langtidsskader
•    Bistå det ordinære hjelpeapparatet og vere eit supplement til dei etablerte tenestene og til den hjelp og støtte som dei ramma har for øvrig
•    Sørgje for nødvendig oppfølging fram til ordinære ressursar kan overta i akutte og semiakutte situasjonar

1. Kva tilbyr me?
•    rådgjeving, rettleiing og samtale til involverte, pårørande, vitne og hjelparar
•    psykologisk førstehjelp, omsorg og støtte i akuttfase etter traumatiske hendingar
•    formidle kontakt med det ordinære hjelpeapparatet

Det psykososiale kriseteamet er ikkje ei akuttmedisinsk teneste, og skal vere operativt dei første timane eller dagane etter ei krisehending. Gruppesamansetnad og innsats vert sett etter behov.
Faste medlemmer:
•    Psykiatrisk sjukepleiar frå psykisk helse- og rustenesta 
•    Helsesjukepleiar
•    Kommuneoverlege
•    Prest
Andre personar kan trekkast inn etter behov. Til dømes:
•    Politi/lensmann
•    Kommunalsjef / leiar
•    ”Likemenn” (privatpersonar som har vore i liknande situasjonar sjølv)
Medlemmene i kriseteamet inngår ikkje i vaktordning. Dei kan tiltre utanom kontortid ved behov.

2. Kven kan få tilbodet?
Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen som opplever ekstraordinære kriser, alvorleg ulukke eller katastrofe som til dømes:
o    brå og uventa død ved alvorlege og traumatiske hendingar som til dømes ulukke, sjølvmord eller drap
o    brå og uventa trussel på liv og helse
Dette gjeld både den/dei som er direkte berørte, pårørande eller vitne til hendingane.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Psykososialt kriseteam    Miriam Berland    
                                            Tlf.  404 10 570
                                            E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no 
                                            Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
                                            Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30 (ikkje onsdag)


Førespurnader til psykososialt kriseteam skal gå
•    via legevakt. Kontakt Haugesund legevakt på telefon: 116 117 heile døgnet alle dagar
•    via kommunen si overordna beredskapsleiing
•    via kommunen sitt servicetorg på telefon 52 75 25 00

4. Slik søkjer du
Det er ikkje krav til søknad og enkeltvedtak. Kommunen har plikt til å tilby psykososial oppfølging.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer (Mestring, samhørighet og håp) - Helsedirektoratet