Psykisk helse- og rusteneste

1. Kva tilbyr me?
Bokn kommune skal gi gode tenester for å førebyggja psykisk liding eller rusvanskar, og gi god hjelp og støtte til dei har psykisk sjukdom eller rusproblem:
•    tilbod med låg terskel og kort ventetid
•    individuelle planlagde eller spontane samtalar
•    kartlegging av behov og vanskar, oppfølging og evt. tilvising til andre hjelpeinstansar
•    individuell plan
•    hjelp til medikamenthandtering
•    støtte i sorg og krise
•    støtte, informasjon og rettleiing til pårørande 
•    samarbeid med spesialisthelsetenesta / andre instansar og koordinering av tenester

Sjå Psykososialt kriseteam - Bokn kommune for støtte til deg som er råka av krise.

Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som pasient eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg. 

For akutt hjelp, kontakt legevakt på telefon 116 117 eller naudtelefon 113.

2. Kven kan få tilbodet?
Tenesta er eit tilbod til deg som har psykiske vanskar, er i ei krise eller ein vanskeleg livssituasjon, eller har eit rusproblem. 
Dei som tek kontakt opplever kjenslemessige vanskar som angst og depresjon, spiseforstyrring, eller belastande livshendingar som:
•    dødsfall
•    samlivsbrot
•    alvorleg sjukdom
•     vald
•    seksuelle overgrep
•    tvang
•    rus / avhengigheit
•    mobbing
•    sosial isolasjon / einsemd

Sjå Helsestasjon - Bokn kommune for ytterlegare informasjon om tilbodet til born og unge.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Barn og unge     Henriette Lindanger    
                             Telefon: 938 51 409
                             E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no

Vaksne              Miriam Berland    
                           Telefon:  404 10 570
                           E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no  

Besøksadresse:  Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid:            måndag - fredag kl. 08.00–15.30 (onsdag stengd)


4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt for avtale, eller andre (fastlege/behandlar, heimetenesta, familie, vener) kan ta kontakt med ditt samtykke.
Søk om psykisk helse- og rusteneste.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 

8. Samarbeidspartar/nettstader
Politiet
Krisesenter Vest IKS
Nok. Sør-Vest
Veiledningssenteret for pårørende