Bokn helsestasjon

Helsestasjonen jobbar for å fremja helse og trivsel hos barn og unge, og dessutan førebyggja sjukdom og skade. 
Alle tilsette har teieplikt.

1. Kva tilbyr me?
Oppfølging etter fødsel
Etter fødselen vil helsestasjonen få beskjed frå sjukehuset, og helsesjukepleiar vil ta kontakt for å avtala eit heimebesøk.
Helsesjukepleiar eller lege kan visa familiar med spesielle behov til andre helsetenester. Familiar kan også sjølv kontakta helsestasjonen om dei har behov for oppfølging utover dei faste konsultasjonane.

Helsestasjonsprogrammet
Helsestasjon 0-5 år - Helsenorge

Barnet har rett til helsekontroll  
Loven gir barnet ditt rett til helsekontroll og som foreldre pliktar du til å følgja opp dette. Tilbodet på helsestasjonen bidreg til at barnet får rettane sine oppfylt. 
Du er ansvarleg for å gi beskjed til helsestasjonen om barnet flyttar til ein annan kommune eller til eit anna land.

Når får barnet ditt tilbod om de ulike vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet?
Alle barn og ungdommar som bur eller mellombels oppheld seg i Noreg får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet for barn. Vaksinane vernar mot 12 ulike sjukdommar, som alle kan vera livstruande eller gi alvorlege følgjeskadar.
Vaksiner til barn - Helsenorge

Foreldrekurs
Helsestasjonen tilbyr småbarnsforeldrekurs i programmet Circle of Security – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen. Kursa blir haldne av sertifiserte kursleiarar frå helsestasjonstenesta i Karmøy.
Meld deg på foreldrekurs

2. Kven kan få tilbodet?
Helsestasjon er eit helsetilbod for alle barn 0-5 år og familiane deira.  

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Helsesjukepleiar                         Henriette Lindanger    
                                                   Telefon: 938 51 409
                                                   E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no
Helsestasjonslege                      Jan Schille
                                                   Telefon: 52 75 25 40
                                                   E-post: jan.schille@bokn.kommune.no
Besøksadresse:                           Boknatunvegen 39, 5561 Bokn (Boknatun, 2.etg ved legekontoret) 
                                                   Kontortid: måndag-fredag kl. 08.00-15.30  (onsdag stengd)

Helsestasjonen kan vera stengd i feriar, på heilagdagar eller ved sjukdom og bemanningsutfordringar.

4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt for avtale, eller andre kan ta kontakt med ditt samtykke.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten - Lovdata

8. Samarbeidspartar / nettstader
http://ammehjelpen.no/ 
Amming og mat til spedbarn - Helsenorge
Søvn hos spedbarn - Helsenorge
Mattilsynet
Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.
Trygg mammamedisin
Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. 
Zanzu
Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.