Tenestetilbod

Vår målsetting


Me ønskjer å gi innbyggjarane i Bokn gode tenester for å hindra og førebyggja psykisk sjukdom og gi god hjelp og støtte til dei som har psykiske lidingar. Tilbodet skal ha ein lav terskel, alle skal kunne ta direkte kontakt med oss. Me ønskjer og at tenesta skal vera synleg og godt kjent i kommunen.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 11.12.2015

Målgruppe


Me tilbyr tenester til alle heimebuande innbyggjarar i Bokn kommune som treng nokon å snakke med for å førebyggje psykiske vanskar eller som allereie slit med psykisk sjukdom.

Me kan tilby

 

Planlagte terapeutiske samtalar

Spontane samtalar

Kartleggjing av behov

Heimebesøk

Ansvar for individuell plan

Hjelp til medikamenthåndtering

Sorg og krisearbeid

Pårørandearbeid

Informasjon og veiledning

Støttekontakt

Samarbeid med 2.linjetenesten/koordinering av tenester

Dei tilsette i avdeling for psykisk helse har taushetsplikt etter Lov om helsepersonell § 21

 

Login for redigering