Tenestetilbod barn og unge

Bokn logo 200.png - Klikk for stort bilete

Vår målsetting

Me ønskjer å gi innbyggjerane i Bokn gode tenester for å hindra og førebyggja psykisk sjukdom og gi god hjelp og støtte til dei som har psykiske lidingar. Tilbodet skal ha ein lav terskel, alle skal kunne ta direkte kontakt med oss. Me ønskjer og at tenesta skal vera synleg og godt kjent i kommunen.

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 11.12.2015

Målgruppe

Barn, unge, foreldre, tilsette i skule og barnehage. Andre samarbeidspartar.

Me kan tilby:

  • individuelle samtalar med barnet eller ungdommen
  • veiledning / støttesamtalar til foreldre eller føresette
  • veiledning og samtale med personalet i skule og barnehage
  • kartlegging av vanskar, oppfølging, evt vidare tilvising til spesialisthelsetenesta
 

Kva vanskar kan me kontaktas for?

Felles for dei som kjem til oss er at dei opplever følelsesmessige og / eller sosiale vanskar. Mange har behov for litt hjelp når dei opplever belastande livshendingar.

Belastande livshendingar er for eksempel:

  • dødsfall
  • skilsmisse
  • alvorleg sjukdom
  • vald
  • seksuelle overgrep
  • rus i familien
  • mobbing
  • sosial isolasjon
 
 
Login for redigering