Dine rettar

 

Individuell plan

Alle som treng langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan, uavhengig av alder, diagnose og funksjon. Langvarig tyder at ein antar behovet vil strekkje seg over ei viss tid, utan at det treng vere varig. Koordinerte tenester tyder at behovet gjeld to eller fleire helse -  og omsorgstenester. I planen skal det vere ein oversikt over kva tenester du har, kven som skal gje dei og kor tid. Dette gjeld alle typar tiltak, som til dømes behandling, sosiale tenester, bustad, jobb og skule

Du finn meir informasjon på https://helsenorge.no/rettigheter/individuell-plan

Pasient - og brukarombodet

Pasient - og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasienten og brukaren sine behov, interesser og rettssikkerhet overfor spesialisthelsetenesta og den kommunale helse - og omsorgstenesta. Pasient - og brukarombodet skal også arbeide for å betre kvaliteten i tenestene.

Du finn meir informasjon på https://helsenorge.no/pasient-og-brukerombudet/rogaland