Pakkeforløp Psykisk helse og rus

Innhald (Trykk for direktelenke)

Målsetjing
Tilvising
Forløpskoordinator
Brukarmedverknad
Rolla og rettane til dei pårørande
Samhandling
Barn og unge si helseteneste
Korleis komme i kontakt
Meir informasjon

 

Målsetjing

  • auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit
  • samanhengjande og koordinerte pasientforløp
  • unngå unødig ventetid for utredning, behandling og oppfølging
  • likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet dei bur
  • betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar

Forløpet skal tilpassast kvar enkelt pasient sin situasjon, ønskjer og behov.

God informasjon og forutsigbarhet for pasient og pårørande skal sikrast gjennom heile forløpet.

Tilvising

Kommunen / fastlegen startar pakkeforløpet ved å sende ei tilvising til spesialisthelsetenesta. Fritt behandlingsval gir deg rett til å velje behandlingsstad når du vert henvist og undervegs i forløpet.

Det er kommunen sitt ansvar for å sikre at du får nødvendige oppfølging medan du ventar på ei eventuell behandling i spesialisthelsetenesta. Når spesialisthelsetenesta har gjort ei vurdering og du har rett til helsehjelp, vil du få brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg. Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta brev med begrunning for avslaget.

Dersom du ikkje får innvilga rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta kan du likevel ha rett på helsetenester frå kommunen, men då ikkje i form av eit pakkeforløp.

Forløpskoordinator

Eit sentralt grep for å sikre god oppfølging og unngå unødige avbrot er bruk av forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatoren skal vere med og sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødvendig ventetid. Forløpskoordinatoren vil vere ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dine pårørande, og kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp.

For nærare informasjon kan du ta kontakt med:

Miriam Berland, forløpskoordinator psykisk helse og rus, tlf: 404 10 570

Brukarmedverknad

Det er du som er ekspert på eige liv og som veit kva som er viktig for deg. Difor er det dine synspunkt og behov som pasient som skal liggje til grunn. Helsepersonell skal involvere deg som pasient i alle avgjerder som gjeld deg. Når du ber om hjelp, skal du få god informasjon om dei ulike behandlingsalternativa og tenestetilboda me kan tilby, slik at du kan ta eit informert val om behandling og oppfølging.

Du skal få tilbod om å vere med og utforme tilvisinga til behandling, og saman med behandlar skal du lage ein behandlingsplan. Undervegs skal det jamleg vurderast om tilbodet er i tråd med det du ønskjer og forventar.

Brukarmedverknad inneber òg at du har ansvar for å seie frå om kva som er viktig for deg, og om du opplever at behandlinga og oppfølginga gir deg det du treng for å bli betre. Dersom du opplever at du ikkje blir høyrd eller teken med i avgjerder som gjeld deg, bør du snakke med ein ansvarleg fagperson eller nokon andre du har tillit til. Dei kan hjelpe deg med å formidle dette vidare.

Du bør få informasjon om brukar- og pårørandeorganisasjonar som finst innanfor feltet psykisk helse og rus. Brukarorganisasjonane er drivne av brukarar som har eigne erfaringar med psykisk helse og rusutfordringar. Her kan du få hjelp og støtte frå likepersonar, du kan få informasjon om rettane dine, og du kan få hjelp til å klage.

Rolla og rettane til dei pårørande

Du som er pårørande, er ofte den viktigaste støtta til pasienten. Du kan bidra med viktig informasjon, gi gode råd og vere ein samarbeidspart for pasienten gjennom forløpet. Helsepersonell skal vere merksame på behova dine og bidra til at behandlinga og oppfølginga har eit familieperspektiv. Barn og søsken som er pårørande, skal takast vare på på ein god måte.

Korleis du som pårørande er involvert, er mellom anna avhengig av kva for ei rolle du har i behandlings- og omsorgssituasjonen, til dømes om du har omsorg for pasienten, om du er ein del av nærmiljøet til pasienten, eller om du representerer han eller henne. Jo meir alvorleg tilstanden eller lidinga er, des viktigare er det å involvere dei pårørande.

Uansett skal helsepersonellet leggje til rette for ein god og føreseieleg dialog med deg som pårørande under heile behandlinga og oppfølginga. Har du behov for å snakke med andre som har vore eller er i same situasjon? Lurer du på korleis andre takla den første tida med sjukdom? Det finst pårørandesenter og pårørandeorganisasjonar med høg kompetanse i å støtte og rettleie pårørande. Tilboda er gratis, og du treng ikkje tilvising.

Pårørendes rettigheter

Veiledningssenter for pårørende

 

Samhandling

Mange har bruk for fleire tenester over lang tid. Dersom du har behov for det, har du rett til ein individuell plan der du i samarbeid med dei som gir deg tenestene set opp dine mål, kva tiltak som skal til for å nå måla, og kven som har ansvaret.

Søknad om individuell plan skal sendast til  

Koordinerande eining i Bokn kommune
ved Anne Grethe Amdal Osvåg, tlf 468 61 866

Søknadsskjema (PDF, 137 kB)

Barn og unge si helseteneste

Det er utvikla tilstandspesifikke samhandlingsforløp for barn og unge med psykiske helseplager. Med samhandlingsforløpa skal ein få betre og meir samanhengande helsetenester på tvers av kommune og spesialisthelsetjeneste. Samhandlingsforløpa beskriv korleis ulike tenester i både kommune og spesialisthelseteneste arbeider med tilstandsbildet. Dei inneheld konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid med andre tenester.

Barn og unges helseteneste

Pakkeforløp for psykiske lidelser hos barn og unge, 6-12 år 

Pakkeforløp for psykiske lidelser hos barn og unge, 12-18 år


Korleis komme i kontakt

For meir informasjon kan du ta kontakt med:

Miriam Berland, forløpskoordinator psykisk helse og rus              
tlf: 404 10 570
E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no
 

Meir informasjon

Psykisk helse

Gravide-og-rusmidler

Psykiske lidelser – barn og unge

Psykiske lidelser – voksne

Psykoselidelser

Rusbehandling

Spiseforstyrrelser

Tvangslidelse (OCD)

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Brosjyre pakkeforløp