Vikarlegeordning

 Dersom du treng snarleg legehjelp ringer du 

Bokn legekontor ( 52 75 25 40) i opningstida vår og

Bokn legevakt (116 117) på alle andre tidspunkt.

Så lenge det er lege på Bokn vil det etter behov bli ordna time på kontoret eller heimebesøk.

Ved planlagt stenging av Bokn legekontor - feriar eller kurs - kan pasientar tilhøyrande Bokn legekontor ringa Frakkagjerd legesenter for time, tlf  52 75 50 60 . Dette vil då telefonsvarar og oppslag informere om.

Me freistar å annonsera stenging av legekontoret i god tid slik at du som treng å ordna reseptar, sjukemelding, attestar m.m kan få gjort det her på Bokn. Me ber alle om å bruke vikarordninga berre for det som ikkje kan vente til Bokn legekontor er åpent igjen.