Tilsette

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 27.05.2015

Jan Schille, lege

Jan er fastlege på Bokn. Han kjem frå Kvinnherad, studerte medisin i Bergen (2009), gjennomførte turnusteneste ved Haugesund sjukehus og på Hegren legesenter i Aksdal. Han har arbeidt på Bokn sidan 2012. Han er også autorisert som offshore- og sjømannslege. I tillegg til å vera fastlege er han også helsestasjonslege, sjukeheimslege og kommuneoverlege i Bokn.

Anne Lise Nilsen, sjukepleiar

Ferdig utdanna omsorgsarbeidar i 1994 og sjukepleiar i 2004. Jobba i Bokn kommune sidan 1991, først som omsorgsarbeidar, sidan som sykepleiar. Aug. 2006 - april 2008 i kommunens psykiatriteneste, kombinert med arbeid på sjukestova/open omsorg.

60%-stilling på legekontoret. Jobbar også helgevakter på sjukestova og er vikar ved behov på Hegren legesenter. Ho er legekontorets familieleksikon; ein stor fordel for drifta at ho kjenner alle på Bokn. Er spesielt opptatt av god oppfølging av pasientar med diabetes og lærer opp pasientar med blodsukkerapparat m.m.

Anette Våga, sjukepleiar

Anette stepper inn som vikar når det trengs, har jobbet som sykepleier i mange år og har bred erfaring både i akuttmedisin, geriatri m.m.

Login for redigering